Berekraft på ViteMeir

Her er noko av det me gjer for å bidra til eit berekraftig samfunn.

Berekraft har vore ein del av ViteMeir sidan me var på idéstadiet. Under kan du lese meir om arbeidet vårt med berekraft.


Bygget: ViteMeir stod klart for innflytning i november 2021. Bygget som husar ViteMeir er eigd av Vestland Fylkeskommune og me deler området med Sogndal Vgs. Bygget består av 90% tre, og betongen som er brukt har mindre CO2-utslepp enn konvensjonell betong​. ​Så godt som alt avfallet frå byggeprosessen vart sortert. Du kan lese meir i denne fine artikkelen på Vestland Fylkeskommune si heimeside, her.


Klimapartnere: Me jobbar saman med Klimapartnere Vestland for å kutte alle utslepp innan 2030.


Miljøfyrtårn: ViteMeir er Miljøfyrtårn-sertifisert.


SmakeMeir: Me prøver heile tida å redusere matsvinn og har eit mål om null matavfall ut av huset. Det blir brukt mykje kortreiste råvarer, til dømes det me haustar frå takhagen vår.


Læringsopplegg: I Frukt- og bærakademiet får elevane lære korleis ein best mogleg kan utnytte ressursane våre. Dei samlar inn frukt og bær som elles hadde blitt kasta, og tek desse med til oss for å lage saft, syltetøy og andre produkt. I læringsopplegget Framtidsmat:insekt får elevane lære om alternative proteinkjelder, og korleis me kan nytte desse. Her samanliknar me ressursbruk og næringsinnhald, og me har som mål at elevane skal bli meir medvitne på kva dei et og korleis tilgangen til matressursar kan endre matvanane våre.


SIMAS-dagane er eit samarbeid mellom renovasjonsselskapet SIMAS og ViteMeir. Desse dagane blir alle 4. klassingane i området inviterte til ein skuledag der dei på ViteMeir både lærer om gjenvinning, korleis bos kan vere ein ressurs og redesign av klesplagg. På gjenvinningsanlegget til SIMAS får dei ei omvising der dei ser korleis avfallet vårt vert handtert og kor viktig det er at me kjeldesorterer for å kunne nytte avfallet som ein ressurs.


Takhagen: På takhagen vår finn ein berre nyttevekstar og fleire av desse blir nytta i SmakeMeir. Vil du lese meir om takhagen kan du sjå her.


Sygnir Reodorklubb: Sygnir Reodorklubb er eit fritidstilbod for born i alderen 5.-10. klasse. I Sygnir Reodorklubb er kampen mot utanforskap ein av grunntankane bak tilbodet. Deltakarane får mellom anna bli kjend med nye måtar å nytte teknologi, å gjennomføre eit prosjekt frå idé til ferdig produkt, og ikkje minst lærer dei seg å reparere ting.


Hittegods på ViteMeir: Det er fort gjort å gløyme att ting og tang når ein har det kjekt! Me forstår at dei som gløymer ting ikkje nødvendigvis veit kor dei har gløymt det att. Derfor går me med jamne mellomrom gjennom det som er attgløymt hos oss og tek kontakt med eigarane av plagg som er merka med telefonnummer. Dette gjer me fordi me trur at det er større sjanse for at det då blir hent,a og på den måten reduserer ein forbruket. Plagg o.l. som ikkje er merkt eller ikkje blir henta, blir levert til gjenbruk/resirkulering eit par gonger i året.  

 
 

Har du andre innspel til korleis me kan jobbe med berekraft på ViteMeir? Ta kontakt!