Bakgrunn - kva er eit vitensenter?

Eit vitensenter er eit populærvitenskapleg opplevings- og læringssenter. Tenk deg ei blanding av teknisk museum, eit show, eit laboratorium og ein spennande leikeplass. Då har du eit lite inntrykk av kva me er.

Kvifor vitensenter?

Vitensentera inspirerer born og vaksne til å utforske og søke nye opplevingar, og samarbeider med skuleverket om å utvikle ny kunnskap som samfunnet og næringslivet treng i framtida. 

Me har i dag 13 regionale vitensenter i Noreg. ViteMeir på Kaupanger er senteret for regionen Sogn og Fjordane. 

 
Ute.jpg

Slik såg dei første skissene av bygget ut.

Slik ser bygget ut i dag.