Vitensenteret har fått nytt namn!

vitensenteret har fått namnet vitemeir.jpg

Etter ein god namneprosess, har Vitensenteret i Sogn og Fjordane fått namnet  «ViteMeir».

– Vi meiner det kling bra. Det er eit namn som er lett å hugse og lett å seie. Og så forklarer det heile konseptet: Dette er eit senter der ein kan komme for å vite meir, seier Marianne Jevnaker, prosjektleiar for ViteMeir. 

Namneprosessen har teke litt tid, då det er mange som har bidrege med ulike synspunkt. Idemyldringane hausten 2018 gav fleire innspel til namn og det har gjort at prosessen har vore gjennomarbeida og god. I tillegg er grafisk profil og nettside på plass.

– Dette skal treffe barn, vaksne, unge, eldre, turistar, elevar - eigentleg alle. Då må namnet klinge bra, være lett å seie og utløyse nysgjerrigheit. Det synes vi «ViteMeir» gjer.

Les også: Kva er eigentleg eit vitensenter? (link)

Brei eigarstruktur

Vitensenteret i Sogn og Fjordane vart stifta 8. februar 2018, med vel tre millionar i aksjekapital og ein brei eigarstruktur. Største aksjonær er Sogn og Fjordane fylkeskommune, men både Vestlandsforsking, Høgskulen på Vestlandet, NITO og næringslivet i regionen er med. 

I tillegg har kommunane Sogndal, Lærdal, Luster, Leikanger, Vik, Førde og Florø delteke i emisjonen.

Per i dag er Marianne Jevnaker einaste tilsette, med kontorplass på Campus Sogndal. I tillegg er fleire ressurspersonar kopla på, som Svein Anders Dahl, tidlegare direktør for VilVite.

– Skal gje gode synergiar

ViteMeir skal etter planen stå ferdig til skulestart i 2020, og er eit vitensenter på lik linje med VilVite i Bergen og Oslo vitensenter (Teknisk Museum).

– Dette skal vere eit regionalt senter som er tilpassa heile fylket. Senteret ønskjer å gje gode synergiar mellom forsking og utdanning, offentlege etatar og privat næringsliv. Slik kan ein skape ein arena for idémyldring mellom unge menneske og ulike aktørar, forklarar Jevnaker, og legg til:

– Eg gler meg til å forme senteret framover. Det er så mange ivrige bidragsytarar og så mykje positive innspel. Eg trur vi saman skal få til noko veldig bra.

Gasta Design