Kva er eigentleg eit vitensenter?

Her skal du oppleve og lære ved å eksperimentere sjølv, anten du er barn eller vaksen.

Eit vitensenter er definert som eit populærvitskapeleg opplevings- og læringssenter innan matematikk, naturvitskap og teknologi - der dei besøkande lærer ved å eksperimentere sjølv.

Barn og vaksne skal få utforske fenomen knytte til natur, miljø, helse og teknologi gjennom eigen aktivitet - og i samarbeid med andre.

Fleire vitensenter i Noreg

I dag er det 10 vitensenter rundt om i landet. ViteMeir blir eit nytt vitensenter når det er klart. Sentera har mykje likt innhald, men er òg spissa med ulike tema. Til dømes har VilVite i Bergen meir fokus på fiskeri- og oljenæring, medan Oslo vitensenter (Teknisk Museum) har meir fokus på teknologi.

For ViteMeir, er «berekraftig utvikling» den overordna profilen. Den miljømessige dimensjonen er svært viktig og er definert i fem faglege satsingsfelt, forkorta REINT.

Dette står for ressursar, energi, idémyldring, natur og teknologi. Saman skal fagfelta utfylle kvarandre og opne for nye idear. ViteMeir ønskjer å vere ein arena for idémyldringar i tillegg til kunnskapsdeling.

Meint for alle, også turistar

Ein ønskjer å ha mykje aktivitet i senteret kvar dag. Då blir bruken retta mot ulike målgrupper og utnytta på sitt beste.  

I kvardagane er tanken at barnehagar, skular, utdanningsinstitusjonar og næringsliv skal kunne nytte senteret. På kveldar og i helgane vil det vere opent for alle - også tilreisande og turistar.

Fornyar seg heile tida

Eit vitensenter er satt saman av ulike installasjonar, men ulike tema. Nokre installasjonar vil vere fast, medan nokre installasjonar vil bli byta ut og endra undervegs. Det kan vere basert på årstid, aktualitet og fokus i nærområdet, eller liknande.

Planen er at ViteMeir skal nytte nærområdet på Kaupanger og ha installasjonar ute også. Slik blir lokale krefter involvert og besøkande blir betre kjend med regionen vår.

Senteret ønskjer å gje gode synergiar mellom forsking og utdanning, offentlege etatar og privat næringsliv. Slik kan ein skape ein arena for idémyldring mellom unge menneske og ulike aktørar.

Etter planen skal ViteMeir stå klart til skulestart 2020.

Gasta Design