Vitensentera og Tekna spreier realfagsglede
I 2024 fyller Tekna 150 år og feirar dette med å gi ViteMeir og dei andre vitensentera i landet 150.000 kroner. Dette gjer at me kan nå ut til enda fleire skular og elevar enn tidlegare. I tillegg til den landsdekkande ordninga får ViteMeir 100.000 kroner til ViteMeir på hjul.
Fagforeininga Tekna blei stifta i 1874 og i samband med 150 års-jubileet ønskte foreininga å bidra til aktivitetar som kan oppfordre og motivere til realfagsinteresse hjå born og unge. Det var eit enkelt val at dette måtte bety eit utvida samarbeid med vitensentera. Tekna følgjer her opp eit godt og tett samarbeid gjennom mange år.
Vi håper gaven vil føre til at enda flere barn og unge blir glad i realfagene, sier president Elisabet Haugsbø i Tekna.
Vitensentrene er et viktig supplement til realfagsundervisningen i skolen, og bidrar på en super måte til å vekke interesse og engasjement ved å lære barn å eksperimentere selv. Forskning viser at praktiske øvelser og kunnskap om hvordan fagene brukes, er viktige faktorer for å trigge motivasjon hos barn og unge, sier president Elisabet Haugsbø i Tekna.
Tekna er ei fagforeining for dei med mastergrad i teknologi og naturvitskap, og eit viktig samfunnsoppdrag for Tekna er å bidra til auka rekruttering innan realfag. Det er i dag stor mangel på denne kompetansen i arbeidslivet, og me er heilt avhengige av at fleire born og unge vel realfagleg utdanning framover for at ein skal kunne løyse nokre av utfordringane me står ovanfor, til dømes klimaendringane og digitalisering. Tekna ønskjer at tiltaka skal rettast mot 5.-7. trinn fordi ein veit at interesser blir danna tidleg i livet.
For ViteMeir betyr gåvene at me kan besøke skular som ikkje har moglegheit til å komme til vitensenteret. 150.000 kroner skal nyttast til elevar i 5.-7. klasse, medan dei 100.000 kronene til ViteMeir på hjul skal nyttast til elevar i 8.-10. klasse. Med midlane kjem me til å nå over 800 elevar med morosame og praktiske læringsopplegg innanfor programmering og teknologi.
ViteMeir fekk allereie i 2023 støtte frå Tekna til ViteMeir på hjul. Det vil sei at me med desse ekstra midlane kan nå enda fleire i 2024, me gler oss og tusen takk til Tekna!