ViteMeir er Miljøfyrtårn!
ViteMeir har har offisielt motteke Miljøfyrtårn-plakett og den anledninga kunne me sjølvsagt ikkje la gå stille forbi. I ekte ViteMeir-stil køyrde me på med hest, larvar og nitrogen!
I utviklinga av senteret var den faglege profilen, REINT, førande for innhaldet. REINT står for ressursar, energi, idèmyldring, natur og teknologi. I ViteMeir sin nye strategi er berekraft fortsatt like aktuelt, og me har mellom anna lagt vekt på FN sitt berekraftsmål 13, Stoppe klimaendringane. ViteMeir skal gjennom utstillingar og læringsopplegg vera med på å styrkje evna enkeltpersonar og institusjonar har til å redusere klimagassutslepp, tilpasse seg til og redusere konsekvensane av klimaendringar og varsle tidleg, og dessutan styrkje utdanninga og bevisstgjeringa om dette. Med dette i tankane er det viktig for oss å bli Miljøfyrtårnsertifisert og me er glade for å endeleg få det synlege beviset.
Miljøvenleg og kortreist transport
Me mottok miljøfyrtårn og ville at transporten til ordføraren skulle stå i stil med temaet. Siri Hatlevoll Helle stilte opp med fjordhesten sin Tord og kjerre. Fjordingen er ein av verdas eldste hesterasar og den er vestlandshesten framfor nokon fordi den er dyktig i bratt og ulendt terreng. Hesten Tord er stasjonert på garden Vangestad eit steinkast frå ViteMeir, og drivstoffet er gras frå natureng dyrka på garden. Kan det bli meir miljøvennleg? Ordføraren fekk transport til døra på ein miljøvennleg, men litt uvanleg måte.
Plakett og nitrogen
Dagleg leiar Gry Høyheim var på plass for å motta Miljøfyrtårn-plaketten på vegne av ViteMeir. Maskoten vår Sophus Lie var også på plass. “Det skulle berre mangle at ViteMeir med vår profil klarer å kvalifisere for denne sertifiseringa, men det ligg likevel mykje hard og systematisk jobbing bak dette”, seier dagleg leiar Gry Høyheim. “Eg rosar dei tilsette som kvar dag står på for samfunnsoppdraget vårt”, avsluttar Gry. Ordførar Stig Ove Ølmheim var godt fornøyd med ei overrekking utanom det vanlege, som inneheldt mellom anna nitrogen, heksemjøl og litt undervisning i naturfag. Etter det obligatoriske handtrykket las han opp sertifisøren si vurdering av ViteMeir.
Vitemeir er eit opplevingssenter som ikkje berre gir besøkende gode innspel og opplevingar innanfor klima og miljø, men og dei tilsette. Bedrifta har arbeida, og arbeidar aktivt og målretta innanfor klima, miljø og arbeidsmiljø. Sertifisør stadfestar med dette Vitemeir som miljøfyrtårn.
“ Fortsett det positive, engasjerte og målretta arbeidet innafor klima, miljø og arbeidsmiljø” er serifisøren si tilråding for vidare innsats. “Dette er ei anbefaling av dei sjeldne”, seier ordførar Stig Ove Ølmheim. “Det pleier å vera meir krevjande”, avsluttar han.
Kaffi, larvar og Energihus
Me kunne ikkje sleppe ordføraren avgårde før me hadde bydd på kaffi frå ny barista maskin i SmakeMeir. Sidan det var ei fin tid for brunsj diska me også opp med nokon larvevaflar. “Oi, dette var skikkeleg godt” sa ordføraren om dei proteinrike og framtidsretta vaflane.
Besøket vart avslutta med premiere av den splitter nye installasjonen “Energihuset”. Ordføraren var den første som fekk prøve og meinte at dette var ein god installasjon for å bevisstgjere dei besøkande på straumforbruket i heimen. “Dette var sjokk-knappen” sa han då han såg effekten av å ta ein lang dusj.