ViteMeir søkjer formidlingshelt
Er du vår kreative og allsidige superformidlar?
Me på ViteMeir er på jakt etter ein engasjert og allsidig formidlar som byr på seg sjølv. Du kan å bruke kreativitet og fagkunnskap til å inspirere og skape nysgjerrigheit og lærelyst hos både born og unge. Som formidlar får du bruke entusiasme, energi og drivkraft til å gjere realfaga levande for gjestane våre. Er du som poteten – like nyttig til alt frå vitenshow til klasseromsbesøk – då er du kanskje akkurat den me leitar etter!
Tilsetjingsform:
Fast stilling. Oppstart etter avtale, seinast 1. juli 2025
Arbeidsoppgåver:
Arbeidskvardagen din vil vere variert og full av spennande utfordringar. Som formidlar vil du vere med å ta imot og formidle til ulike grupper, alt frå barnehagar til vidaregåande skular og fritidsgjestar. I tillegg vil du vere med å:
Utvikle og gjennomføre praktiske læringsopplegg og lærarkurs
Besøke skular gjennom «ViteMeir på hjul»
Delta i ulike prosjektsamarbeid
Planlegge og gjennomføre aktivitetar og vitenshow som gjer naturfag levande og engasjerande.
Den gode formidlaren er ein som kan skape entusiasme, byggje tillit og inspirere til nysgjerrigheit gjennom sitt eige engasjement.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Er/har du:
pedagogisk kompetanse eller erfaring med formidling?
sans for å stå framfor ei forsamling
evne til å formidle kompliserte ting på ein enkel og spennande måte?
kompetanse innan realfag, og særskild fysikk?
digital kompetanse, og interesse for koding og programmering?
ein ryddig og strukturert lagspelar?
kreativ, nysgjerrig og idérik?
sjølvgåande, tilpassingsdyktig og uredd
meistrar godt både norsk og engelsk?
førarkort klasse B? Det må påreknast noko reiseverksemd.
Personlege eigenskapar vert vektlagd.
Kva kan du vente deg?
Ein unik sjanse til å vere med å forme og utvikle innhaldet i vitensenteret
Allsidig og triveleg arbeidsplass i stadig utvikling
Kreativt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver
Fleksibel arbeidstid
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter avtale
Søknad
Send CV og søknad til jobb@vitemeir.no innan 1. februar 2025
Har du spørsmål?
Ta kontakt med formidlingsleiar Åse Neraas, aan@vitemeir.no, tlf. 917 64 903.