SmakeMeir søkjer Smakevertar
Er du interessert i matlaging og kundeservice? Har du lyst til å lære meir om reduksjon av matsvinn? Bli ein del av den kjekke og engasjerte gjengen vår i kafeen SmakeMeir!
Me er ute etter dei beste Smakevertane som kan vere med å gje gjestane våre gode matopplevingar. Har du erfaring med, eller er du interessert i matlaging og kaféarbeid? Då kan dette vere ein interessant jobb for deg :)
Arbeidet er stort sett onsdag ettermiddag, helgar og feriar. Du vil bli sett opp i ein turnus som tilsvarar om lag ei 20%-stilling. Det kan òg vere mogleg å utvide stillingsprosenten noko.
Arbeidsoppgåver:
Møte kafègjestane med eit smil og god service.
Lage matrettar ut frå den gjeldande menyen
Reinhald og vedlikehald
Bidra til eit godt og effektivt arbeidsmiljø
Kven er du?
Serviceinnstilt, effektiv og har godt humør
Nysgjerrig og lærevillig
Gjerne ha erfaring med matlaging og/eller kaféarbeid
Arbeidstid:
Arbeidstidene er onsdag, ettermiddag, helgar og feriar. Du vil bli sett opp i ein turnus der du jobbar enkelte av desse dagane (opp til 20%-stilling).
ViteMeir tilbyr:
Eit godt arbeidsmiljø med både unge og erfarne kollegaer
Løn etter tariff
Ein fin sjanse til å bygge CV
Søknadsfrist: 15. juli
Send ein søknad med CV til: jobb@vitemeir.no.
Oppstart: snarast, og seinast 31. august.
Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med Lise Sundberg, lise.sundberg@vitemeir.no, tlf. 908 43 828.