Lærer av kvarandre

ViteMeir og Kaupanger-elevar lærer av kvarandre

Stemninga i klasserommet på Kaupanger skule er til å ta og føle på. 10. klassingane øver for harde livet. Om nokre minutt skal dei presentere eit prosjekt dei har jobba med i fleire månadar, men ikkje for læraren. Dei skal presentere for ein kunde.

Utanfor klasserommet står formidlingsleiar for ViteMeir, Åse Neraas, og formidlar Veronica Danielsen. Dei er minst like spente som elevane. Snart skal Åse og Veronica få høyre elevane sine forslag til interaktive installasjonar som kan brukast i trapperommet i vitensenteret.

- Det einaste me veit er at det skal knytast til FN sine berekraftsmål. Det stod i oppdragsskildringa. Men utover det har elevane fått frie taumar, seier Åse.

Så ringjer skuleklokka. Det er tid for eit lite friminutt før presentasjonane, og elevane kjem ut i gangen. Nokre smiler sjenerte til Veronica. Andre er meir frampå.

- Er det de som kjem frå ViteMeir? Spør ein av elevane.

Åse og Veronica går inn i klasserommet og slår av ein prat med lærar Eirik Menes. Han fortel at elevane engasjerer seg meir når dei jobbar med eit prosjekt for nokon eksterne.

- Det blir ikkje det same når dei berre skal vise det fram for oss lærarane. Dette prosjektet har gitt dei eit mål å jobbe mot.

Klokka ringjer igjen. Friminuttet er over, og elevane finn plassane sine. Så begynner dei. Først presenterer elvane nokre utvalde berekraftsmål. Det kjem raskt fram at elevane på Kaupanger er ein samfunnsengasjert gjeng. Dei er opptekne av å ta vare på livet i havet, stoppe klimaendringar og at alle skal få gratis utdanning.

- Eg syns det er flott å sjå så engasjerte og reflekterte ungdommar. Dette gir meg trua på at me skal klare å skape ei betre og meir berekraftig verd saman, seier Veronica.

Spenninga i rommet skrur seg opp eit par hakk. Elevane er ferdige med å presentere berekraftsmåla dei har vald. No skal dei presentere sine eigne idéar for korleis ViteMeir kan bruke berekraftsmåla i utstillinga si.

- Me føreslår ein fiskesimulator. Seier ein elev i den første gruppa.

Dei har jobba med livet i havet og ser føre seg ei løype der du fangar fiskar og dissekerer dei ved hjelp av VR-briller. Inne i fisken finn du plastbitar. Tanken er å informere om korleis plast som hamnar i naturen kan vere skadeleg.

Gruppe to har fokusert på utdanning. Dei presenterer ei løype der du får informasjon om utdanning i ulike land før du gjennomfører ein quiz. Men informasjonen kjem ikkje av seg sjølv. For at denne skal bli synleg må du generere straum ved å springe i eit digert hamsterhjul. Deretter må du bruke luftblåsar for å leie ein ball gjennom fleire ringar. Dei som kjem seg gjennom løypa får ein premie. Kanskje ein kjærleik på pinne?

Den siste gruppa er opptekne av livet på land. Dei føreslår ei løype der du skal plante eit tre digitalt. Etterpå må du pumpe vatn for å vatne treet, og sykle for å skape sollys. Til slutt kan du donere treet til ein organisasjon som jobbar mot avskoging.

Åse og Veronica er imponerte. Dei skryt av elevane, men kjem òg med kritiske spørsmål.

- Kjærleik på pinne skaper jo ein del avfall. Har de tenkt på om me kan ha ein meir berekraftig premie for quizen? Spør Åse.

Nei, det hadde dei visst ikkje tenkt på. Naturfagslærar Eirik syns det er bra at elevane får kritiske spørsmål.

- Dei har godt av å måtte tenkje utanfor si eiga boble.

Eirik er så fornøgd med prosjektet at han lurer på når dei kan sette i gang med neste prosjekt. Åse og Veronica er også fornøgde.

- Dette er jo helt perfekt, særleg fordi elevane er midt i målgruppa vår. Det er jo dei som veit best kva som engasjerer, seier Åse.

Samarbeidsprosjektet var eit såkalla Lektor2-prosjekt. Lektor2 er ei nasjonal ordning som oppfordrar skular til å samarbeide med fagpersonar frå næringslivet. Slike prosjekt skal vere knytt opp mot realfag, men kan ha mange ulike former.

- Eg håpar at me kan få til lektor2-prosjekt med fleire av skulane i Sogn og Fjordane. Viss nokon har idéar til eit prosjekt blir me superglade viss dei tar kontakt med oss, seier Veronica

Guest User