Milliongåve frå Sparebanken Sogn og Fjordane

Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane

Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane

Sparebanken Sogn og Fjordane har totalt gitt tre millionar til planlagde installasjonar til ViteMeir på Kaupanger. – Senteret vert eit viktig tilskot til læring for barn og unge i heile Sogn og Fjordane, seier banksjef Jan Petter Vadheim.

Saka er henta frå meirennbank.no og er gjengitt på vitemeir.no

– Sparebanken Sogn og Fjordane har vore ein viktig bidragsytar, og starta kronerullinga for to år sidan med to millionar kroner. Det at de no gir ytterlegare éin million kroner betyr ekstremt mykje for oss, seier påtroppande dagleg leiar Erlend Fardal Lunde i ViteMeir.

ViteMeir overtek bygget som Vestland Fylkeskommune byggjer 1. september 2021 og tek sikte på opning i løpet av hausten 2021. Pengane frå Sparebanken Sogn og Fjordane si eigarstifting, som gjev gåver frå banken sitt overskot, skal gå til installasjonar i senteret. Ein føresetnad for utbetalinga av gåva er at senteret blir godkjent som regionalt vitensenter og at stortinget bevilger pengar til det gjennom statsbudsjettet.

– Vi skal fylle tre etasjar og 1200 kvadratmeter med installasjonar, innhald og opplevingar. Innhaldet på ViteMeir skal vere i ypparste klasse og ikkje stå tilbake for nokon andre vitensenter både pedagogisk og som besøks- og opplevingssenter, seier Lunde.

Senteret vil bli det første i sitt slag i Sogn og Fjordane.

– ViteMeir vil bli eit nytt og heilt unikt tilbod for skulane, næringslivet, turismen og fritidsmarknaden her, fortel han.

ViteMeir fekk to millionar kroner av banken sitt overskot i 2018 for å etablere vitensenter i Kaupanger.

– ViteMeir vert både ein spennande turistattraksjon og eit viktig tilskot til undervisninga for barn og unge i heile Sogn og Fjordane. Dei har ambisjonar om å få inn nokre unike attraksjonar som vil vere blant dei mest spennande i landet, og som også spelar fram fortrinna vi har her i Sogn og Fjordane. Derfor får dei no ei gåve på ytterlegare éin million kroner til dette. Vi gler oss til å sjå resultatet, seier banksjef for bedriftsmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane, Jan Petter Vadheim.

Guest User