ViteMeir har nådd ut til 100 000 sidan opninga!

Onsdag 16. oktober markerte ein stor dag for ViteMeir. Etter våre berekningar nådde me denne dagen ut til vår 100 000. besøkande denne dagen. Det kunne me ikkje la gå forbi oss utan å skape litt ekstra blest rundt desse gjestane, på vårt eige vitensenter-vis.

Dette er ein merkedag for vitensenteret, som opna dørene i november 2021.

Formidlingsleiar Åse Neraas er strålande fornøgd.

– Det er viktig for oss å ta den regionale rolla vår på alvor å vere vitensenteret for heile Sogn og Fjordane. Det er derfor ekstra kjekt at gjestane denne dagen representerer ein annan del av fylket. Det viser at me ikkje berre når ut lokalt, men også til heile regionen. Det gir ei ekstra glede å sjå at me kan inspirere elevar frå heile fylket!

Dei tilsette på ViteMeir venta spent på elevane frå 9. klasse på Eid ungdomsskule, som visste lite om kva dei hadde i vente! Foto: Sigrid Nese Thue for Sogn Avis.

Den store dagen fekk me besøk frå 9. klasse på Eid ungdomsskule. Då elevane gjekk inn dørane på ViteMeir blei dei møtte med konfettikanoner og stormande jubel. Deretter fekk dei vere med å tenne 100 000-skiltet som vår eigen Reodor Felgen, Andreas Uglum Vikdal, hadde designa og bygd. For å få lys i det måtte elevane danne ein slutta krets ved å halde hender med kvarandre og oss frå ViteMeir. Dette er realfag i praksis, men òg eit fint symbol på at ViteMeir ikkje hadde vore det det er i dag utan samarbeid.


Me vil nytte høvet til å takke alle partanarane våre, små og store, for det gode samarbeidet. Me vil òg takke kommunane som sender barnehageborn og elevar på besøk til oss og ikkje minst alle privatpersonar som besøker oss!


Elevane frå Eid fekk denne turen i premie etter å ha vunne Sogn og Fjordane Energi (SFE) sin «Energikampen». Kommunikasjonssjef i SFE, Jannicke Lindvik, gler seg òg over at ViteMeir når denne milepælen:


– Den kraftfulle regionen vår treng ViteMeir! Me har vore med frå start og er stolte av samarbeidet med ViteMeir, som bidreg til å engasjere unge på ein spanande måte. Gjennom prosjekt som «Energikampen» får me moglegheita til å bidra til å løfte viktige tema som energi og berekraft inn i skulane. Vitensenteret sitt arbeid er viktig for å inspirere barn og unge, og det er heilt avgjerande for framtida at me startar tidleg med å spreie denne kunnskapen.

ViteMeir sitt samfunnsoppdrag har heile tida vore å inspirere til realfagsglede og bidra til rekruttering, noko som både regionen og Noreg treng – no og i framtida. Styreleiar og initiativtakar til ViteMeir, Tor Arne Ness, seier følgjande om denne hendinga:


– Dette er moro! Ein stor milepæl for ViteMeir at me har nådd ut til 100 000 på under tre år – og då har me ikkje talt med alle dei som kun har vore innom kafeen! Dette viser at vitensenteret er blitt ein suksess for både skule og fritid.

Gry Høyheim