Forskingsdagane 2024 blei ein suksess!

20.–22. september 2024  - Tre dagar med helse som tema på ViteMeir

 
Forskingsdagane 2024 blei ein suksess! Med helse som årets tema, blei Forskingsdagane markert på ein engasjerande og spanande måte gjennom helga 20.–22. september. Årets tema rørte ved alle, og det var stor interesse for dei mange aktivitetane og føredraga som vart tilbydde. 

Fredag føremiddag starta med eit populært føredrag arrangert av Rask psykisk helsehjelp og Frisklivssentralen, med tittelen “Balansekunst – korleis ivareta seg sjølv i ein hektisk kvardag”. Føredraget var ope for alle frå og med 10. klasse, og gav deltakarane praktiske verktøy for å balansere kvardagslivets stress. Det vart godt motteke av både elevar og vaksne deltakarar. 

Fredag kveld heldt fram med ein sosial og lærerik quizkveld. Her var helse den raude tråden, og kvelden vart krydra med korte og spanande vitskaplege innlegg under vitenstafetten. Bidrag kom frå ei rekkje aktørar, inkludert Helsestasjonen, Fylkeskommunen, HVL, Vestlandsforsking og sjølvsagt ViteMeir. 

Laurdag og sundag var senteret fullt av aktivitetar for heile familien. Restaurant- og matfag ved Sogndal vidaregåande skule inviterte deltakarane inn i Smakslaben, der dei saman kunne lage sunn og spanande mat. Blodtypetesting, hinderløype med pulsmåling, og VR-spelet “Redd naboen din!” skapte stort engasjement blant både born og vaksne. Særleg VR-aktiviteten for å teste behandling av angst, presentert av Rask psykisk helsehjelp på laurdag, trakk mange nysgjerrige deltakarar. 

Forskingsdagane på ViteMeir gav alle besøkande ei inspirerande og lærerik oppleving, og sette fokus på kor viktig helse er for oss alle. Sogn Sparebank og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sponsa arrangementa slik at me kunne tilby gratis inngang til senteret heile helga, noko som bidrog til god oppslutning og ei vellukka helg fylt med forskingsformidling, læring og moro.  

 No ventar me spent på kva som blir tema for Forskingsdagane 2025!

Gry Høyheim