Sogndal Fotball med gåva på strak vrist

F.v.: Åse Neraas, Erlend F. Lunde, Terje Teigen og Rasmus Mo.

F.v.: Åse Neraas, Erlend F. Lunde, Terje Teigen og Rasmus Mo.

Fotballen er eit viktig nav i Sogndal og når me er ein del av saftbygdi må me vera med på slike viktige initiativ, seier Rasmus Mo, dagleg leiar i Sogndal Fotball. I går overrekte han gåva som sikrar ein fotballradar-installasjon på ViteMeir.

ViteMeir er nesten i mål med å setja innhaldet i senteret. Ulike installasjonar der ein til dømes kan jobbe med matematikk og fysikk frå læreplanmåla, i tillegg til å ha eit opplevings-og konkurranseelement blir viktig. For formidlingsleiar Åse Neraas var det, kanskje ikkje så overraskande, heilt naturleg å teikna inn ein fotballradar. Neraas vert truleg den første på ballen med å setja tidenes første fartsrekord på ViteMeir.

Som vitensenter er ViteMeir avhengige av eit raust næringsliv for å sikra finansiering til relevante og fagleg sterke installasjonar. Ein av suksessfaktorane i Sogndal er evna til å unna kvarandre suksess og at ulike aktørar jobbar saman for å skapa ein god kommune å bu i og å besøka.

- ViteMeir skal vera meir enn eit vitensenter, me skal vera eit samfunnsprosjekt, ein fasilitator for næringsutvikling og eit viktig tilskot til lågterskel aktivitetsbasert turisme i regionen. Me set stor pris på at Sogndal Fotball engasjerer seg og bidreg til innhaldsutviklinga vår, seier Erlend F. Lunde, marknadssjef for ViteMeir.

Saman skal Sogndal Fotball og ViteMeir samarbeida for å auka attraktiviteten kring kvarandre sine produkt:

- ViteMeir bidreg til at me i Sogndal Fotball kan skapa ei totaloppleving på kampdag. Neste haust kan me kanskje kombinere søndagsope på ViteMeir med eliteseriekamp mellom Sogndal og Rosenborg om kvelden, tenker Terje Teigen, marknadssjef i Sogndal Fotball, visjonært.

Mo gler seg til å teste ut fotballradaren neste haust:

- Trikserekorden min er tre, men når eg berre får strekt vrista godt i skotet håpar eg å komme opp i tresifra tal kilometer i timen!

Guest User