Åse fekk applaus av Formannskapet!
Det er ikkje vanleg kutyme med applaus på politiske møter, men Åse Neraas fekk nettopp dét etter sitt kraftfulle innlegg om innhaldsutviklinga på ViteMeir i dag!
Styreleiar Tor Arne Ness ga Formannskapet ei statusoppdatering og orienterte om framdriftsplan i ei kort innleiing før Formidlingsleiar Åse Neraas inntok scena for å fortelja om den spanande innhaldsutviklinga i ViteMeir.
Formannskapet fekk vera med på reisa frå 1303 muh til 2469 moh, frå første til tredje etasje i senteret. Dei fekk òg ein gjennomgang av skissene på fleire av våre viktigaste installasjonar, som speiglar våre felles naturressursar i Sogn og Fjordane.
- Eg lærer så mykje ved å holda på med dette, og det er kjempekjekt, kunne Neraas stolt fortelja.
Neraas formidla viktigheiten av at skuleelevar skulle læra av å vera på ViteMeir og mellom anna lika å arbeida med matematikk og forstå på ein heilt ny måte. - Elevane skal ha lyst til å vera i vårt Sophus Lie-rom og leika med tal, sa Neraas.
Etter Neraas sitt innlegg fekk ho fullt fortent applaus frå medlemane i Formannskapet.
- Det er utruleg mykje spanande som skjer rundt ViteMeir, avslutta Tor Arne Ness med.
ViteMeir-teamet gler seg til å skapa applaus i eige bygg neste haust.
Møtet vart strauma på Sogndal Kommune sine nettsider og du kan sjå sendinga her. Innlegga frå ViteMeir kjem heilt i starten etter at ordførar Arnstein Menes innleiar dagen.