Bli med og brøøøøle for klimaet!

Er du klar for å brøle for klimaet? Det er me! Måndag 4. april kl. 11 kjem Brølofonen til ViteMeir. Truls-Einar Johnsen frå Klimapartner Vestland og Amalie Holmfjord frå «Fremtiden i våre hender» i Sogndal, kjem og opnar installasjonen.

Brølofonen frå Klimabrølet er på turné i Noreg, og den skal stå utanfor ViteMeir i heile april. Kor mange brøl for klimaet, naturen, menneska og planeten greier me å samle i løpet av ein månad?

Kor mange brøl kan me samle på Kaupanger?
Brølofonen har samla 32 343 brøl før den kom til oss. Bergensarane brøla om lag 10 000 gonger i mars. Greier me å toppe dette i april? 


Kva er eigentleg ein brølofon?
Brølofonen er eit interaktivt kunstverk utvikla av Klimabrølet. Målet er at flest mogleg skal brøle for klimaet i løpet av fire år. Brøla skal markere at me treng ei endring dersom me skal redde framtida vår. Greier Noreg å samle inn to millionar brøl i løpet av ein stortingsperiode, fire år? Og kor mange greier Sogn og Fjordane å bidra med? Ta turen til ViteMeir, nyt eit flott lysande kunstverk, og brøl i veg!


Starta i 2019
Even Nord Rydningen starta Klimabrølet i 2019. Målet var å skape noregshistoria si største markering for klima. Då pandemien kom i 2020 måtte ein nytte andre metodar for å nå ut til folk, og Brølofonen blei eit viktig symbol som skulle samle brøl og engasjement. Brølofonen er ein omvendt ropert der du spelar inn brøla dine på klimabrølet.no, og so spelar Brølofonen av alle brøla samanhengande gjennom ein heil stortingsperiode.

Guest User