Eksperimentonsdag

 
 

Eksperimentonsdag

Bli med på spennande eksperiment i SmaksLaben/auditoriet på ViteMeir! Kvar onsdag frå 17.00-18.00 kan du teste eit nytt eksperiment som for eksempel å lage sin eigen vulkan, lavalampe, lage din eigen musikk eller dansande rosiner. Du får god hjelp til å utføre eksperimentet av ein vitenvert. Opplegget passar for born og vaksne i alle aldrar.  I partalsveker er det naturfagseksperiment på SmaksLab og i oddetalsveker er det musikkeksperiment i auditoriet (endringar kan førekomme).

Eksperimentonsdag følger skuleåret og opningstidene våre. I feriar tilbyr me andre spennande aktivitetar.

På ViteMeir kan du bli med frå botn av Sognefjorden på 1303 m.u.h. til Galdhøpiggen på 2469 m.o.h. I tillegg til utstillinga over tre etasjar har me mykje anna kjekt på programmet. Hald deg oppdatert i arrangementskalendaren vår!