Årskort på ViteMeir
ViteMeir har opplevingar for både store og små. Med eit årskort kan ein nyte moroa heile året!
Eit år med opplevingar
Med eit årskort på ViteMeir får ein fri inngang til alle opplevingar og utstillingar i ordinær opningstid i eit heilt år. Den perfekte gåve til den som har lyst til å få med seg mykje moro i året som kjem! Årskortet er gyldig eitt år frå kjøpsdato.
På ViteMeir kan du bli med frå botn av Sognefjorden på 1303 m.u.h. til Galdhøpiggen på 2469 m.o.h. I tillegg til utstillinga over tre etasjar har me mykje anna kjekt på programmet. Hald deg oppdatert i arrangementskalendaren vår!
Prisar årskort
Årskort born 3-17 år: kr 590,- stk
Årskort vaksen 18+ år: kr 590,- stk
1 born + 1 vaksen: kr 1.180,- stk
Årskortet er personleg for bornet. Den vaksne som er med kan variere.
Alle årskort er gyldig i eitt år frå kjøpsdato og er personleg.
Slik kjøper du årskort i gåve:
Gå til billettbestilling
Scroll ned til “Gåvekort”
Vel riktig beløp og antall
Betal enkelt på nett
Gåvekortet kjem på e-post. Vil du leggje det under treet, kan du printe det ut sjølv eller hente ut fysisk gåvekort i resepsjonen vår. Elles kan du gjere det enkelt og sende det vidare til mottakaren digitalt.