Vitenparken er opna!

3. juni opna me endeleg “dørene” til vår heilt eigen Vitenpark. Heilt sidan opninga av senteret har parken vore under planlegging, og me kan endeleg med glede sei at den står ferdig og klar til bruk for alle som ønskjer det.

Fleire møtte opp for å få med seg opninga av Vitenparken. Vår eigen Sophus var sjølvsagt tilstades også.

I tråd med innsida av ViteMeir så er temaet fortsatt leikande læring. Du kan mellom anna lære om brøk på “Brøkdumpa” eller sjå på stjernebilete inni vårt utandørs planetarium. Her kan du i tillegg komme eit steg nærmare stjernene sidan planetariumet også er eit klatrestativ!

Brøkdumpa vart fort full!

Opninga av parken hadde ikkje vore mogleg utan støtta frå Sparebanken Sogn og Fjordane og Vestland Fylkeskommune, me er veldig takksame!

Gode lydar frå xylofonen

Vitenparken er open kvar dag og ein treng ikkje løyse billett for å nytte seg av området. Velkommen til alle og einkvar!

Heidi Breili Bøthun