ViteMeir feira statlege midlar
Fredag 4. desember kom endeleg gladmeldinga om at ViteMeir får statlege midlar frå 2021. - Me gjekk frå bakrus til lykkerus på to hektiske døgn, seier dagleg leiar Erlend Fardal Lunde
Hausten har vore lang og kronglete for gjengen bak ViteMeir. Lenge var midlar over statsbudsjettet i spel og det sende vitensenteret ut i ei uviss framtid. Det hadde vore enkelt og godt om ViteMeir kom med i statsbudsjettet i oktober, men kanskje smakar dei statlege midlane enno betre no?
- Dei beste sigrane er dei som kjem heilt på tampen, kanskje på overtid av overtida. ViteMeir sin plass i statsbudsjettet kan samanliknast med lykkerusen når favorittlaget ditt avgjer kampen med siste spark på ballen, seier dagleg leiar Lunde.
Lunde meinar at kampviljen dei førebelse nederlaga ga ViteMeir kan syna seg viktige for vitensenteret på lang sikt: - Det å kjempa for noko, det å verkeleg villa noko, det byggjer kultur!
- Heilt konge
Prosjektleiar for byggherre Vestland Fylkeskommune, Tage Rickard Sundell, er særs begeistra for utfallet: - Heilt konge, dette er eit over snittet hyggeleg prosjekt å vere ein del av og no vert det langt lettare å leve for ViteMeir. Det er full gass både på bygging og på denne gjengen, vi gleder oss til vegen vidare mot opning.
Vestland Fylkeskommune er byggherre for signalbygget på Kaupanger som i tillegg til ViteMeir skal husa nasjonal linje for transport og logistikk for Sogndal VGS.
Viktig for studiestaden Sogndal
Professor ved institutt for miljø og naturvitskap på HVL Sogndal, Stein Joar Hegland, har vore ein del av ViteMeir-prosjektet lenge. Hegland kjende på stor glede og at fleire kilo letna frå skuldrane.
- Høgskulen har lenge hatt eit vitensenter på ønskelista. ViteMeir kan bidra til å utvikla våre utdanningar og auka attraktiviteten til studiestaden Sogndal, seier Hegland.
HVL er ein av eigarane til ViteMeir og bidreg med viktige ressursar for utvikling av læringsopplegg og produkt både før og etter opning. Hegland gler seg til framtida: - Saman med ViteMeir kan me gjera Sogn enno meir attraktiv for framtidige studentar.
Takk til lokale politikarar
Det politiske engasjementet rundt ViteMeir har vore sterkt. Vitensenteret har hatt god kontakt med stortingspolitikarar frå Os til Mo i Rana, og lokalt og fylkeskommunalt i både posisjon og opposisjon.
- Styreleiar Tor Arne Ness og meg sjølv spøkar med at me snart har svart belte i politisk lobbyisme. Det har vore lærerikt og samstundes kjekt at me ikkje har møtte negativitet hjå ein einaste person. Me rettar ein stor takk til alle som har jobba for oss og løyst det slik at den statlege finansieringa er på plass, avsluttar Lunde.
Kontakt: Erlend Fardal Lunde, ViteMeir: +47 464 28 741