Sparebanken Sogn og Fjordane gir 600 000 kr til energiutstilling
Sparebanken Sogn og Fjordane gir 600 000 kroner til ny energiutstilling på ViteMeir.
Det er ikkje første gong ViteMeir får pengar frå overskotet vårt, og det er det gode grunnar til. ViteMeir er ein viktig institusjon for heile regionen og bidrar til auka kunnskap rundt viktige samfunnstema presentert på eit lettfatteleg og god måte, seier banksjef for bedriftsmarknad i Sogn, Jan Petter Vadheim.
Det er ikkje første gong ViteMeir får pengar frå overskotet vårt, og det er det gode grunnar til.
Gåva frå Sparebanken Sogn og Fjordane er eit viktig bidrag til vårt arbeid med ny energiutstilling på ViteMeir. Gjennom utstillinga vil me formidle viktig kunnskap om ulike energikjelder, bruk av energi og sette dette inn i eit miljøperspektiv. Utstillinga vil inspirere dagens born og unge til å bli gode endringsagentar og løyse både dagens og morgondagens utfordringar. Me er veldig glade for bidraget og for at Sparebanken Sogn og Fjordane som ein viktig samfunnsaktør i regionen ser verdien av arbeidet vårt, seier dagleg leiar for ViteMeir, Gry Høyheim.
Vi ønskjer lykke til med den nye energi- og klimainstallasjonen, avsluttar Jan Petter Vadheim.
Tusen takk for støtta, Sparebanken Sogn og Fjordane!