Sjokoladefabrikken

Tenkjer du også på Charlie og sjokoladefabrikken no? Nesten, men ikkje heilt. Me har nemleg hatt besøk av VilVite & Talentsenter i Realfag, i to heile dagar! Talentsentera jobbar med å inspirere og løfte elevar med eit stort læringspotensial innanfor realfaga. VilVite la eine samlinga hit til ViteMeir, der elevane fekk utforske tema og oppgåver innan naturvitskaplege fag gjennom “Sjokoladefabrikken”.

Sjokoladefabrikken er eit læringsopplegg der sluttproduktet skulle bli en boks med konfekt. Elevane starta med å idèmyldre og finne ein passande anledning til å gi/ta fram konfekt, altså dei kom fram til ei målgruppe. Dei designa ei støypeform til konfekten som dei etterpå 3D-printa. Denne brukte dei til å vakuumpresse former til å støype sjølve sjokoladekonfekten, og dei planla også utsjånad på sjokoladen i form av innhald og topping. Til slutt teikna og designa elevane konfektboksen som dei laserprinta og plasserte sjokoladen oppi.

3D-printa støypeformer til sjokoladen.

Ferdig støypt konfektsjokolade.

Prosjektet blei avslutta med ein presentasjon der elevane presenterte både produkt og tankane bak for dei andre i klassen.

Plassering av sjokoladebilar i spesialdesigna boks.

“Sjokosjakk”

Talentsentertilbodet skal gi utfordrande og motiverande opplæring slik at elevane som er med får moglegheit til å utvikle seg fagleg, men også at dei får knytte nettverk med andre innanfor samme interesse.

Me hadde to innhaldsrike dagar her på ViteMeir, der både formidlarar og elevar kosa seg og lærte masse. Tusen takk for besøket!

Heidi Breili Bøthun