Sjå bilde frå opningsdagen

Andreas Wahl var underhaldar på opninga. Hans første prosjekt for dagen: ein heimelaga sky. Foto: Tom-Rune Sæle/Sogn Avis

180 gjester var med oss på ein opningsseremoni full av flammar og røyk.

11. november opna me endeleg ViteMeir - dette har me venta på. Til stades på opninga var både politikarar, samarbeidspartnarar, bidragsytare, næringsliv, skulefolk og tilsette. Og med Rasmus Mo som programleiar, Andreas Wahl med vitenshow og Gunn Marit Kvåle med konsert, vart det ei storslegen opning av det nye vitensenteret.

Frå scena rigga Wahl til med ulike naturvitenskaplege eksperiment, til stor begeistring frå den fullsatte salen. Ikkje minst fekk fylkesordførar Jon Askeland æra av å “klippe snoren” på ein litt ny måte. Vi sette rett og slett fyr på hendene hans, og med det var senteret offisielt opna.

– Ein lagsiger av dei heilt store

Mannen som fekk opne ViteMeir ved å “brenne snoren”, fylkesordførar Jon Askeland, var tydeleg nøgd med opninga:

– Det som opna i dag kan sogningane peika på og seia «sjå kva me får til». Det har sett vanskeleg ut mange gonger under vegs, men når sogningar vil noko er dei ikkje gode å stoppa. Dette er ein lagsiger av dei heilt store, men eg må få lov til å framheva Tor Arne Ness spesielt. Han har vore krumtappen i dette og fått alle med seg. Me såg alle kor sterkt dette var for han i dag, sa Askeland til Sogn Avis.

Tydeleg stolt

Initiativtakar Tor Arne Ness var óg tydeleg stolt på opningsdagen, og sa til Sogn Avis:

– Me er meir samansett enn dei fleste vitensenter. Ein god læringsplass for skulane, ein god møteplass for næringslivet også er me opne for alle fritids besøkjande både dag og kveld. Det skal vera litt som eit samfunnshus også me treng fleire bein å stå på.

Takk til alle som var med!

 

Sjå bilde frå den offisielle opninga:

Sjå heile bildegalleriet hjå Sogn Avis.

 
 
Gasta Design