Ny dagleg leiar på ViteMeir

ViteMeir har glede av å presentre Gry Høyheim som ny dagleg leiar i ViteMeir frå 1. juni. Styreleiar Tor Arne Ness er nøgd med både prosessen og tilsetjinga. 

- Gry har ein spennande profil og har gitt oss eit solid inntrykk i tilsetjingsprosessen. Me er trygge på at ho vil komplimentere og styrke teamet på ViteMeir, og bidra til å utvikle vitensenteret vidare. 

Gry Høyheim er utdanna samfunnsøkonom og har dei siste åra jobba med styring og forvalting i departement i Oslo. No er ho og familien på flyttefot heim til Sogn.

-Eg gler meg veldig til å starte i jobben i ViteMeir. Frå første gang eg høyrde om planane har eg fulgt etableringa av senteret. Det verkar til å vere eit godt og spennande arbeidsmiljø, og når denne stillinga dukka opp ser eg på det som ein unik sjanse til å bidra med å utvikle senteret vidare, seier Gry Høyheim.

- Me har skapt eit godt fundament for ein ny leiar å ta dette vidare. Samstundes er me fortsatt nyetablerte og me står mellom anna føre vår første turistsesong, så det er ein viktig fase ViteMeir går inn i framover. Vidare er det kjekt å sjå at serveringsstaden SmakeMeir allereie er vorte ein god møteplass for både besøkande og næringslivet, og eit godt tilbod som komplimenterer ViteMeir, avsluttar styreleiar Tor Arne Ness. 

Velkommen til ViteMeir!

Heidi Breili Bøthun