Lesarbrev frå Jan Einan, NITO

einan.jpg

NITO Sogn og Fjordane har i mange år vore opptekne av at vårt område også skal ha eit vitensenter.

Eit senter der born og unge kan oppleva kor spennande det er å oppdaga teknikk, realfag og naturvitskap formidla på ein god og moderne pedagogisk måte.

Dette var også grunnen til at NITO Sogn og Fjordane i 2017 gjekk inn og støtta etablering av Vitemeir økonomisk.

Vi rekna med at det var brei politisk semje også hos sentrale styresmakter om at eit vitensenter skal etablerast i Sogn og Fjordane. Difor vart NITO Sogn og Fjordane veldig overraska da vi såg regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2021. Der låg det ikkje ei einaste krone til Vitemeir.

Vi veit at for at senteret skal få starta opp i løpet av neste år, så treng dei rundt 6 millionar kroner frå statsbudsjettet. Ein liten sum i eit stort budsjett. NITO Sogn og Fjordane vil på det sterkaste oppmoda Stortinget til å gjera endringar i budsjettet, slik at Vitemeir får desse pengane frå staten.

Vi treng eit vitensenter til det beste for born, unge og næringsliv i vårt område av landet.

Jan Einan
NITO Sogn og Fjordane

Guest User