Iselin flytta frå by til bygd for draumejobben
Iselin Urdal Nygård (30) elskar naturfag, økologi og dyr. 1. september pakka ho kofferten og flytta frå by til bygd, klar for å starte i draumejobben.
Iselin går inn i rekka av fantastiske formidlarar på ViteMeir. Som alle andre viste ho sine beste poteteigenskapar og blei med det ein del av potetfamilien. Ho har no teke med seg mann og to katter frå Bergen, og flytta til Kaupanger.
Eg er veldig glad for at Iselin er ein del av ViteMeir-familien. Me vil at nerdane skal bli rockestjerner, og som realfagsnerd kan Iselin garantert inspirere dei kommande generasjonane i desse faga, seier dagleg leiar Erlend Fardal Lunde.
Iselin er utdanna biolog på Universitetet i Bergen, har erfaring frå UiB som forskningsteknikar, og ho har jobba som lærarvikar på vidaregåande skule. Ho er også gamingentusiast, og kan vere ei viktig brikke i utviklinga av møteplassar for born og unge. Iselin er no klar for å formidle all sin kunnskap til dei besøkande hjå ViteMeir.
Håpet mitt er at ViteMeir blir ein plass der folk kan bli inspirert og oppdage gleda med vitenskap. Eg ser veldig fram mot å formidle dei ulike faga til elevar og alle andre gjester, seier Iselin.