Hydro Årdal og Høyanger inn som strategisk partnar
Torsdag 25. oktober signerte Vitensenteret i Sogn og Fjordane ein samarbeidsavtale med Hydro Aluminium Årdal og Høyanger Metallverk.
Førebels har dei forplikta seg til å vere med i 2019 i hovudprosjektet og deretter i 3 år i den løpande drifta. Vitensenteret set stor pris på støtta og ser fram til eit nyttig samarbeid i åra som kjem.
Kommunikasjonsansvarleg Are Indrelid, Hydro Aluminium AS Årdal Metallverk og prosjektleiar Marianne Jevnaker, Vitensenteret i Sogn og Fjordane.
Sjå og omtale i Sogn Avis her: Vitensenteret har fått Hydro med på laget i fleire år framover