Måndag 27. mai inviterer me til humlevandring.
Stein Joar Hegland står for humlevandringa. Der får de lære meir om humler og kvifor desse er så viktige for oss. Etterpå får de utdelt hov og bli med på å fange ulike humleartar og identifisere desse, før me slepp dei trygt ut igjen.
Humlevandringa skjer i Brekka, garden til Stein Joar. Møt opp ved Skogly, så går me samla ned til Brekka.
Me legg opp til to puljar med humlevandring:
Klokka: 17.00-18.00
Klokka: 18.15-19.15
Ta med deg gjengen din og bli med på ei morosam og lærerik ettermiddag!
Påmelding her
Me serverer saft frå Lerum.
Arrangementet er gratis